Dypdykk i arkivene: Nynorskstil

Jeg har kommet over flere skolestiler fra ungdomsskolen og videregående, stiler som ga meg en rekke ulike reaksjoner. Jeg har humra for meg selv, smilt litt overbærende, ledd høyt, og sukka tungt. Her deler jeg med dere en tekst som var opphav til et dypt og tungt sukk, akkompagnert av tanken: «Herregud, jeg skulle ønske jeg kunne skrive nynorsk like godt i dag!» (Og ja, jeg vet, øvelse gjør mester, men det er tross alt nærmere ti år siden dette ble skrevet, og den naturlige flyten og nynorskfølelsen er borte).

Vi jobba med sagalitteratur og skulle skrive vår egen vikingesaga, herme stilen, om du vil. Her er den jeg skreiv, fritt fra fantasien, uten noen historisk betydning, men med kreative bokstavrim og på herlig konservativt nynorsk. Sukk.

Soga om Ulvar Uro

Vargstein heitte ein mann som budde på Brufjell gard. Han var son til Bjørgar, son til Bjørngrim, son til Kappstein Krigar frå Knaus. Vargstein var ein sterk kar og var høgt verdsett i bygda. Han meinte sjølv at han var ein måteleg god skald, men fekk ikkje mange lovord hos dei som skjøna seg på slikt. Den fyrste kona hans heitte Ragnfrid, og med ho fekk han ein son. Ho døydde då guten vart fødd, og Vargstein kalla han Ulvar. Seinare festa han Tuva, dotter til Bergfinn Blå, og ho gav han ni born. Den eldste sonen deira var Sigbjørn Sogeskrivar, ein annan Gjermund Gjæv, men ingen av desse kjem denne soga ved.

Det året Vargstein festa Tuva Blå, hadde han ein draum. Då han vakna morgonen etter, kvad han:


Ulvebinna kvelpa ein kvelp
Vargen vakna åleine
Laut løva fylgje i kamp
Laut livet sitt gjeve i slag 

Då vargen døydde vart kvelpen kald
og fekk inga ro finne
for inga veikje vargen vekka
og inga kjensle kulda svekka

Ulvekvelpen Uro-ulv
ville vargefaren hemna
men inga hemn fann han
inga ro fekk rå
før ulven sjølv låg daud

Tuva var ikkje berre eit gildt kvinnfolk; det var vett i veikja òg. Ho vart redd då ho høyrde kva Vargstein hadde kvede. ”Lov meg at du ikkje seier noko om draumen din til Ulvar, for draumar talar sanning om både tida som har vori og tida som kjem. Tyde han skal eg ikkje gjere, du lyt tolka han som du sjølv vil.” sa ho til han. Vargstein svarar: ”Det var ikkje noko til draum, eg trur ikkje han tydar noko som helst. Men sida du no ber meg om å ikkje tala om han, så skal eg ikkje gjere det.” For Vargstein visste at Tuva var ei klok kvinne.

Så gjekk tolv år utan at noko uvanleg skjedde. Ulvar voks til og vart både staut og arbeidsam. Men så vart det slik at Vargstein måtte dra ut og slost for kongen, Eirik Haraldson. Ulvar måtte ta seg av garden, medan han venta på at far hans skulle koma heim. Så er det sagt om Ulvar at han var korkje veik eller redd av seg, ein dugleg skald og god til å tala for seg. Han var mørkhåra med brune auge, brei over akslene og rask til beins.

Dei kjempa mot hæren til Bjørn Hangle, som var leiar for dei som gjorde opprøyr mot Eirik Haraldson. Bjørn Hangle fekk sitt banesår frå kongen sjølv, som slost side om side med dei andre krigarane. Slaget råka Bjørn i kneet så han mista foten, men Bjørn fekk, trass banesåret, tatt livet av fjorten menn før han blødde i hel. Dette nemner Sondre skald:

Blø gjorde bjørnen
då døy han laut gjera
Men ikkje ville han vandre
til vikingar i Vallhall
før fjorten andre falt
 

Vargstein kjempa ved sida av Kalv Tryggje, i hæren som Olav Jamne hadde fylka. Dei var mange som slost, og det var ikkje lett å skilja den eine frå den andre. Det var eit forrykande torevêr den kvelden, Ving-Tor var nok både vred og vrang. Mørkt var det òg, dei tykte knapt sjå ei hand føre seg, utan når hammaren slo og dei kunne sjå bleike andlet ikring seg. Dette nemner Sondre skald.

Vargstein skifte nokre hogg med ein mann dei kalla Ørjan Grime. ”Gjev du må døy, ulvepels!” ropte Ørjan, då han hogg etter Vargstein. Men best han hogg, glatt sverdet, og den kvasse egga skar seg inn i foten hans. Vargstein ville ikkje slå ein som låg nede, så han baud Ørjan ei hand for å kome seg opp att. Men nett då han tok tak og drog, slo Grime sverdet sitt i hovudet hans med andre handa si. Dette vart Vargstein si bane. Då han fall til jorda, sa han: ”Sveik meg gjorde du no, Grime. Gjev du aldri vinn ære for dette sviket.” Sondre skald nemner òg dette i sine kvad.

Ulvar vart fortald kva som hadde skjedd far hans, og frå den dagen vart han kalla Ulvar Uro. For etter Vargstein døydde, hadde han ei uro i seg som ingen lækjar kunne lækje, og som inga veikje kunne stilne. ”Bia berre, eg skal nok hemna meg,” sa han til Tuva, stemora hans. ”Gjer ikkje det,” sa Tuva, som hugsa draumen Vargstein hadde hatt. ”Det kjem til å gå deg ille viss du gjer det, Ulvar!” Så ville ho til å fortelja han om draumen, men Ulvar hadde ikkje øyre for den slags. Han tok seg ein hest i stallen og reid ut av tunet same dagen.

Han kom fram til Grimgard då han hadde ridd i to dagar. Der slo han inn døra og tok livet av kvart eit menneske han såg. Der var berre tenestefolk, men Ulvar var så rasande at han ikkje såg kor slaga hans råka. Eit veldig blodbad vart det, og Ørjan Grime fann han ikkje før alle andre var daude. Grime var sengeliggjande og veik, og kunne slett ikkje slost for seg. Det seies faktisk at han var så nær dauden, at han døydde berre ved synet av Ulvar. Ørjan hadde ingen søner, eller anna slekt, så Ulvar fekk aldri den blodhemnen han ynskja.

Det gjekk mange lange år, og Ulvar vart gamal og grå. Han feste ei veikje som bar namnet Henna Heimkjær, men dei fekk aldri born saman. Han døydde sjølv slik Ørjan Grime hadde gjort det, av sjukdom i si eiga seng. Med han døydde også den framifrå slekta som Kappstein Krigar var stamfar til. Så seier soga at nett før Ulvar drog sitt siste andedrag, kviskra han med dirrandre røyst: ”No stilna mi uro”

~ziarah skald
😀

Advertisements

4 thoughts on “Dypdykk i arkivene: Nynorskstil

  1. >hoho.. Dette var virkelig artige saker. "Slaget råka Bjørn i kneet så han mista foten, men Bjørn fekk, trass banesåret, tatt livet av fjorten menn før han blødde i hel." Priceless.

  2. >Tusen takk, begge to!! ♥anders: Hihi 😀 Sagalitteraturen er full av sånne gullkorn 😀 Nok å la seg inspirere av…Embla: Det blir flere dypdykk! Når det gjelder nynorsken er nok nøkkelordet var (flink til å skrive).

  3. Tilbaketråkk: Ordkalotten 2010: Oppbrudd og ankomst – Ragnar Hovland. « ziarah sier:

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s