Dypdykk i arkivene: Satire

Dypdykkene fortsetter! Aj-aj-aj, tør jeg legge ut det her da? Jo, jeg må nesten det. Her altså enda en av skolestilene jeg kom over. På nynorsk, denne også, men språket er nok hakket mer slurvete enn i vikingesagateksten (forrige innlegg). Oppgaven var at vi skulle skrive et moderne eventyr, og jeg modellerte mitt på «Froskekongen». (Har du ikke lest eventyret, kan teksten nedenfor bli morsommere av at du gjør det først.) Dette ble vel skrevet sånn rundt 2002-2003, så teksten er ikke SÅ gammel, men du finner altså ingen engler eller bipolare lidelser i den, selv om den handler om Ari og Märtha…

Gullhjelmen, eit romantisk moderne eventyr.

Det var ein gong, i eit land som låg så langt opp mot nord ein kunne kome, kor dei for lengst hadde forkasta ideen om at alt kunne forklarast av vitenskapen, Det gjorde no berre tinga meir kompliserte enn dei var. Enten det no var nordlys eller LSD så kalte dei det magi. Det var altså ein gong, i nett dette landet, at der budde ein konge som hadde ei einaste dotter og ein son. Kongsdottera var ikkje riktig ven å sjå til, men ho var både snill og glad i hestar, og dei fleste tykte godt om ho, viss dei då ikkje arbeidde for Se og Hør.

Like ved kongeslottet låg der ei lang gågate, med høge bygningar. Ved dei mørke gatehjørna stod der rusmisbrukare og slang i store boblejakkar, medan dei litt meir sofistikerte folka heldt til på Kunstarens Hus som var nett ved sia av. Når det vart riktig varmt ute, gjekk kongsdottera ut i slottshagen og sette seg for å sjå på dei kjekke gardistane som hadde vaktskifte utfor Slottet både titt og ofte. Viss ho tykte tida vart lang, og der ikkje var så mange vene gutar å sjå til, tok ho frem den forgylde ridehjelmen sin og leika med den. Det var det artigaste ho visste.

Men så hendte det ein dag ho satt der med ridehjelmen, at ho mista grepet om han. Han fall ned på jorda og trilla nedover bakken heilt til Karl Johan. Kongsdottera fulgte han med augo, men hjelmen var borte og ho hadde nett knekt foten sjølv då ho datt ned frå ein hest, så ho kunne ikkje gå for å hente han. Ho tok til å grine, og høgare og høgare grein ho og kunne ikkje holde opp att. Plutselig hørte hun en stemme rope: ”Kva er med deg’a Mærta? Du grin jo zå ein blir helt ztæin!”

Kongsdottera så undrande opp, men kunne ikkje se nokon. Men til slutt fekk ho sjå ein laseron som stakk hovudet fram bak eit tre, og ho skjønte at det var han som hadde snakka.
”Eg grin over ridehjelmen min, svara kongsdottera, – for eg mista han og han trilla nedover bakken.”
”Grin ikkje meir for det, sa fyren, som no kom fram ifrå bak treet. ”Eg veit råd! Men kva gjer du meg viss eg hentar han til deg?”
”Alt du vil ha,” svara ho. ”Du kan få finaste klednaden min og perlar og edelstenar, ja du skal få så mykje rikdom du måtte ynskje!”

”No er eg ikkje så glad i å kle meg i kvinneklede. Og perlane og edelstenane, dei kan du få beholde, men litt pengar vil eg gjerne ha,” sa han og tenkte på kor lett det då hadde vore å publisere boka han skreiv då han var 16. Så beit han seg merke i kor pen og hjelpeslaus prinsessa såg ut der ho satt, og vart ein anelse meir grådig; ”Men pengar kunne eg jo skaffa meg på anna vis òg! Viss du vil vere glad i meg og la meg få sitte ved sidan av deg ved bordet, ete av gulltallerken din, drikke av begeret ditt og sove i senga di, så skal eg gå og hente ridehjelmen min til deg. Eg heiter forresten Ari. Lovar du meg det?”

”Å ja, ja, Ari!” sa kongsdottera fort, ”eg lovar deg alt det du vil, berre eg får att gullhjelmen min!” Men for seg sjølv tenkte ho: ”Det er berre noko tull den dumme fanten seier! Ein lasaron som han der må jo leve med arbeidarklassen og kan ikkje vere venn med ei kongsdotter!”

No forsvann Ari og vart borte. Ei stund etter kom han opp att med hjelmen under armen og la han i graset foran prinsessa. Ho vart no vel glad då ho fekk att ridehjelmen sin! Ho tok han på seg og skulle til å springe heimatt så fort krykkjene laut bere ho.
”Vent, vent!” ropte Ari. – ”Ta meg med, for eg kan ikkje springe så fort som du! Eg røykar!”
Men det hjalp ikkje kor mykje han enn skreik! Kongsdottera høyrde det ikkje. Ho berre hinka heim, og snart hadde ho gløymd heile Ari.

Dagen etter satt ho og åt frokost sammen med kongen, prinsen og alle livvaktane deira. Ho åt av gulltallerken sin slik som hun pla gjere, men nett høyrde dei ein underleg lyd utanfor. Livvaktane reiste seg straks og gjekk for å sjå kva som var på ferde. Før dei rakk å kome seg ut banka det på døra, og ei røyst ropte: ”Lukk opp for meg, vesle kongsdotter!” Livvaktane sprang ut med pistolane foran seg og greip tak i Ari. Kongsdottera sprang mot vindauget for å se kem det var som hadde banka på. Då ho fekk sjå Ari vart ho livande redd, trakk ned rullegardina og gjekk tilbake til bordet.

Kongen høyrde at hjartet hennar banka, og sa: ”Kva er det du er så redd for, jenta mi! Var det eit troll som ville hente deg?”
”Å nei da,” svara ho, ”det var ikkje noko troll, men ein vemmelig fant.”
”Kva ville han deg?”
”Jo, far, eg sat og leika i hagen i går, og trilla hjelmen min ned bakken. Eg grein og grein, og så var det ein som heitar Ari som tok den opp til meg. Men han ville at eg skulle love at han skulle få vere venen min, elles ville han ikke gjere det. Også ville han ha pengar. Eg lova han det, og han fekk faktisk pengane, men eg tenkte at han ikkje kunne leve på anna vis enn med arbeidarklassen. Og no står han der ute og vil inn til meg.

I det samme banka det for andre gong, og Ari ropte:

Vesle kongsdotter,
kjære, lukk meg inn!
Dette er ikkje et ran,
men eg er trist som faen!
Er løftet du gav meg
gått ut av ditt sinn?

Då sa kongen: – Det du har lova, må du helde! Slepp han inn!
Så måtte prinsessa gå bort og opne døra, og Ari slentra bein etter ho bort til frokostbordet. Der ropte han: ”Hent meg ein stol!”
Fyrst ville ho ikkje, men så sa kongen at ho måtte det. Då Ari fekk satt seg ned, ville han ha rødvin og hvitvin på bordet, og då han hadde fått det, sa han:
”Skyv gulltallerken nærmare, så vi kan ete saman!” Ho turde ikkje gjere anna, og Ari spiste riktig godt. Men maten vart sittande fast i halsen på kongsdottera.
Då han var mett, sa han til prinsessa: ”No er eg mett og trett. No må du ta meg med inn der silkesenga di står, og gjere den i stand.

Kongsdottera gråt og grua seg for den ekle, klamme guten, som ho ikkje turde ta på eingong. Og no skulle han sove i den pene, rene senga hennar. Men kongen vart vond og sa: ”Du skal ikkje forakte den som hjalp deg då du hadde det ille! Men fyrst må de gifta dykk, og reise på ei lang pilgrimsferd, så de får verte godt kjente med kverandre! I mellomtida kan han sove på sovesofaen”

Så viste ho Ari rundt i slottet og tok han med seg opp på rommet sitt. Reie opp sofesofa til han, ville ho ikkje, så ho berre slengde sengetøyet bort i en krok. Men då ho låg i senga, kom han krypande og sa: ”Eg er trett, og eg vil liggja like godt som du. Rei opp senga, elles seier eg det til far din.” Då vart ho sint og kasta ei pute på han så hardt ho kunne.
”Kan du ikkje halde fred, din vemmelege frosk!” skreik ho.

Men då puta traff han, vendte han det andre kinnet til og prinsessa forsto plutseleg at han var nok eit godt kristent menneske som ho sjølv, enda han ikkje hadde krone eller mykje pengar. Så snakka ho heile natta om hestar.

Morgonen etter då sola vekka dei, kom ein limosin køyrande med åtte livvaktar på motorsykkel. Dei drog ut på pilgrimsferda med kongens velsigning, og då dei hadde køyrd eit lite stykkje, snudde Ari seg mot prinsessa og sa:

No er eg ikkje trist som faen meir
Men av bøker skal eg skrive enda fleir
Mi kjære prinsesse, eg er glad i deg
Vil ikkje du skrive ei bok saman med meg?

Og så levde dei lukkelege i alle dagar. Snipp snapp snute…

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s