Noe å slekte på?

Jeg drømte om å bli forfatter og dikter allerede i sjuårsalderen. På den tida hadde jeg naturlig nok ikke spesielt kompliserte konsepter om arv og miljø eller store spekulasjoner om hva som former oss som menneske. Det jeg imidlertid visste (og så rundt meg) var som følger:

  • Farmora mi skreiv dikt på rim til høytidelige anledninger. Jeg husker vi tulla med å snakke på rim, en lek der hun måtte svare noe som rimte på det jeg nettopp hadde sagt.
  • Morfar hadde arbeidsrom, og etterhvert skrivemaskin, der han skreiv dikt og andre ting. Jeg husker ennå den gangen jeg fikk prøve skrivemaskinen hans.
  • Han kunne fortelle at min oldemor, Signe Rytter Sagberg, ga ut tre diktsamlinger i sin tid. Hennes søster, Ragna Rytter, ga ut hele åtte diktsamlinger.

Alt dette behøver ikke å bety noe for et menneske, og i voksen alder har jeg nok slått fra meg idéen om at jeg har diktninga i blodet. Likevel er jeg vokst opp med kommentarer som «Du har noe å slekte på» og «Ja, vi vet jo hvor du har det fra». Jeg husker den merkelige følelsen av å lese et dikt Ragna Rytter hadde skrevet som var skremmende likt noe jeg selv hadde funnet på.

Vi formes så klart av menneskene rundt oss, av det vi opplever, det vi blir fortalt og av det vi leser. Jeg skal ikke gå inn i «Født sånn eller blitt sånn»-diskusjonen, fordi jeg tror svaret på den diskusjonen alltid vil være «Begge deler, i ulik grad». Likevel setter jeg stor pris på slektshistorien, å se tilbake og se at det fins mennesker i slekta mi som har kjent på trangen til å skrive, de også.

Også Ragna Rytter var interessert i slektshistorie. Hun skreiv, i tillegg til diktsamlingene, boka Rytter-ætta frå 1600–1950, ei bok med slektstrær og informasjon om folk i slekta. Der kan man blant annet lese om Henrik Rytter, en forfatter og oversetter som har fått lite oppmerksomhet i norsk litteraturhistorie.

Jeg er i slekt med Henrik Rytter, langt langt ute, men kun i den grad at vi begge nedstammer fra samme rota tilbake på 1600-tallet, så noe reelt slektskap er det vel ikke der, utover det. Han tilhørte den greina av Rytter-ætta som holdt til i Øksendalen, og sjøl «nedstammer» jeg fra de som dro til Trøndelag, og etterhvert ble del av Sagbergslekta. Spennende er det likevel å lese om denne mannen som jeg visste så lite om, til tross for hans store litterære prestasjoner.

Olav H. Hauge var begeistra for Henrik Rytter, og uttrykte sin bekymring for at han fikk lite oppmerksomhet i litteraturhistorien. I januar i år kom det ut ei bok som tar tak i Henrik Rytters liv og virke og trekker ham fram i lyset igjen.

Omslagsdesign: Aina Griffin

Det er Vidarforlaget som gir ut boka Skrift og strid – Essay om Henrik Rytter redigert av Sindre Hovdenakk og Leif Høghaug. Her er et utdrag fra forordet:

Henrik Rytter (1877-1950) var ein av dei største litteratene Noreg har fostra. Han skreiv dikt, skodespel og essay, og som omsetjar var han i si levetid utan like. Han omsette 23 av Shakespeares skodespel, han omsette Beowulf og Dantes Den guddomlege komedien. På oppdrag frå Det Norske Teatret gav han Henrik Ibsens Peer Gynt nynorsk språkdrakt.

I boka kan du lese om Henrik Rytters store oversettelsesprosjekt, om hans liv og virke, hans rolle i den norske språkutviklinga, hans tanker om den nordiske folkeånden og mye mer. I tillegg er ei av novellene fra Decameronen i hans oversettelse med i boka, og ti av hans dikt.

Siden jeg ikke la ut noen tirsdagstanker på bloggen i går, deler jeg ett av dikta til Henrik Rytter med dere nå istedet. Rytter vokste opp ved havet og skildrer her hva som skjer med de kjente omgivelsene etter en storm:

Havsalt
Stormen kom over ville hav,
då brandgule kveldsglimen slokna av,
og mørkret valt fram og rådde.

Eg levde gjennom ei stormnattri;
det var ikkje anna enn desse tri:
stormen, havet og mørkret.

Då dagen gråna fram, bleik og arm,
eg hustrande stod ved min vindaugskarm,
og glaset var åldekt av havsalt.

Eg skimta mi øy med havet kring;
men alt var så framandt: eg såg kvar ting
gjennom beiske lag av havsalt.

Diktet ble først utgitt i diktsamlinga Øya (1920), men jeg fant det altså i Skrift og strid – essay om Henrik Rytter (2011). Anbefaler boka varmt.

Så kjære blogglesere, har dere noen spennende figurer i slektshistorien? Et forhold til havets fremmedgjørende effekt? Ei mening om denne essaysamlinga om Henrik Rytter? Del gjerne i kommentarfeltet, det er gøy å høre hva andre tenker.

Etter å ha begynt på denne essaysamlinga, måtte jeg leite opp navnet i Ragna Rytters Rytter-ætta. For de av dere som vil lese hva hun i 1956 skreiv om Henrik Rytter, kan dere gjøre det nedenfor. Det er ganske langt, og jeg kan godt skjønne om dere hopper over det, men jeg legger det altså ut likevel, for spesielt interesserte:

Henrik Rytter (1877—1950), […] var fødd i Bjørnør. Men så flytte dei til Haramsøya nord for Ålesund, og der vaks Henrik opp. Havet, det mektige og nådelause, lærte han tidleg å kjenne. Han tok mellomskuleeksamen i Volda 1892, var privatlærar eit par år, tok eksamen ved «Trondhjems tekniske læreanstalt» 1897, og lærerskoleeksamen i Volda 1899.

Han vart fyrst lærar i Vanse på Lista, 1899—1900, så på Hildrestrand på Sunnmøre 1900—1901, og så lærar i Kristiansund til 1907, da han vart lærar ved Møre folkehøgskule i Ørstavik. I 1913 skipa han Nordmøre folkehøgskule på Gimnes, og styrte skulen til 1916, da vart garden teke frå han ved odelssøksmål.

Rytter flytta da til Hvalstad i Asker, var ei tid bladstyrar for «Norsk Ungdom», men levde som diktar og fri åndsarbeidar. Han var ei tid konsulent for Det norske Teatret, og styrte «Ung Norig» i 1 ½ år, 1924 til 1926. Kunstnarløn fekk han frå 1946.

Under krigen budde han mest i Ustedalen ved Geilo. Han budde fyrst i Eimeholtet, ein plass oppunder skogholtet med fint utsyn over dalen, seinare budde han på Tufte. Han sat arrestert på Bredtvedt eit halvt år 1942. I 1946 bygde han Rytterhaugen, i Ustedalen. Det er bygd. i hyttestil, med mange koselege rom, ei stor peisestue med kvitskura langbord med ein stor, vakkert utskore Nordlands-stol som høgsæte, og eit fint Numedalsskåp. I sengkammerset innanfor ei stor bokhylle — der stod mellom anna Goethe, Schiller, Dickens, Wergeland, Bjørnson — og Tambs Lyche: Kringsjå.

Henrik Rytter døydde der på Rytterhaugen 1950. Og etter hans eige ynske vart urna med oska hans nedsett i innvigd jord i bakken ved hytta, og i 1952 reiste venene hans i Ustedalen ein minnestein på gravplassen, ein 2 meter høg, uhoggen stein, med portrettrelief.

Steinen vart avduka olsok 1952, skyldfolk og vener frå bygda var møtt mannjamt opp, og det vart sagt mange varme ord om den store venskapen som hadde vore mellom Henrik Rytter og Ustedølene. I 18 år var han i Ustedalen. På denne tida sette han om Shakespeares drama, 10 bind, sette om Ibsen: Per Gynt til nynorsk, og Dante: Divina komedia. Og ei mengd bladstykke og foredrag har vorte til der, han var ofte ute og tala, i dalen der, og i Oslo.

Olav Sletto heldt minnetalen, og sonen, Olav Rytter, takka for minnesteinen, og tala om korleis faren hadde vunne fram til si diktargjerning gjennom ytre og indre strid. Han var på leitarveg, både i landet for å finne ein plass å slå seg til ro på, og i ide-verda for å vinne fram til ei stode. —

Elles var det helsingar frå forfattarforeninga ved Ragnvald Skrede, og frå Rytters heimbygd og Vest-Noreg ved Henrik Straumsheim, og song av Hol og Geilo songlag.

— Da Rytter døydde skreiv Olav Sletto i Hallingdølen mellom anna:

«Det fylgde ikkje minste tokke av alderdom med Henrik Rytter, inga kjensle av nedgang eller stans korkje åndeleg eller lekamleg. Han gjekk på vegane mellom Geilo og Ustedalen fri ok og vak som ein ungdom, aldri noko sjukdom med han. Han hadde sin lyse smil, sitt livsmot, sin vakne tanke, sin raske fyndige måte å samtale på som i yngre år.

Han fylgde med i åndsliv og politikk heime og ute, han skreiv aktuelle innlegg i blada med samme klårskap og skrivekunst som før. Når døden kom så brått, måtte det kjennast uventa for oss alle. Han vil bli sakna i heimegrenda si, Ustedalen, på ein inderlegare måte enn i nokon annan del av landet».

Rytterhaugen gjekk naturleg over til dei fire borna til Henrik Rytter, som etter hans ynske skulle eiga han saman. Då oskeurna vart nedsett i 1951, sa Lars Fossgard i tala si mellom anna: «Ei bøn har vi bygdefolket til Rytter sine næraste idag: La Rytterhaugen for all framtid få stå som idag, som ein freda stad. Det er ikkje for sterkt å seia at den dag Rytterhaugen vert endra vil vi her i bygda kjenna det som vi miste noko av Henrik Rytter sjølv. For han og denne staden var eitt».

Ustedølene gjekk til Rytter, dei lydde på alt han hadde å seie, og han var lukkeleg når dei kom. I eit av dei siste dikta sine seier han: Eg veit min stad, min stille dal, ved fjord innunder ås. — Og om bygdefolket:

Kjem milde kvinne, gode mann og helsar blidt på meg
eg dukar opp så godt eg kan, og seier: Signe deg!

— Olav Midttun skriv om Henrik Rytter:

«Han var ein mann med sterke indre motsetnader, ei blanding av praktisk realisme og høgfløygd idealisme. Han var ein gløgg intelligens med stor fantasi, las mykje og hadde evne til å vinne seg eit sjølvstendig innhald, fann lett råkande ord, og fekk etter kvart eit overlag stort ordtilfang. Han var av dei som det brann i.

Hans livlege ånd femnde om alt åndsliv i landet. For han var ånd ein berande realitet, ei verkande makt. Det var Wergeland og Goethe som var hans menn, og Krapotkin og Spencer. Han hadde mange drag av Wergeland som åndstype.

Hans ungdom var fyllt av oppgløding for Noregs fulle politiske sjølvstende, og for kulturell norsk reising. Han var ein vekkjande lærar, og ein fengjande eldfull talar, med store syner attende i soge og folkevokster, utetter i verda og inn i framtida med fantasifulle bilete, som fengsla åhøyrarane, og kunne gi ungdomen kveik og livsglede, og vekkje dei til personleg åndsliv.

Han hadde planar om nyskipnad av folkehøgskulen, ei nærare sambinding av det praktiske bondearbeidet og det kulturelle framgangsstrevet til å nye oppatt den ekte norske bondekulturen. Det vart eit hardt slag for han da han måtte slutte med skulearbeidet, så vel som han høvde til det. Det vart ei krisetid for han nokre år. Det drog vel og at han hadde hug til å vera diktar og bokmann.

I 1907 gav han ut lagnadsspelet «Dømde», i 1915 eit stort epos «Himmel og jord», frå rennessansetida i Firenze, om idealisten og forkynnaren Savonarola. I 1917 tok han opp til gransking sine nasjonale draumar om bondekulturen og sine folkehøgskuleidear, i skodespelet «Bråhamaren». «Hermann Ravn», (1924), er likeeins ei oppgjerd, for han personleg og for folket. «Våren» (1926) er eit lystspel, «Elva» eit slag draumspel.

Det beste dramaet kom 1939, «Prestegarden og øya», om den djevrve, tiltakshuga ungdomen som røyner seg og vil finne nye framgangsvegar. 1919—1928 sender han ut 6 diktsamlingar: «Båra», «Øya,, «Jordsonen», «Skålene», «Vokune», «Eros». Ei avspegling av diktarsyner som teiknar indre sjeleovringar og livssamanstøytar.

Han var ein framifrå omsetjar til nynorsk. Har m.a. sett om 22 skodespel for Det norske Teatret, mellom dei Per Gynt og Kongsemnerne, og ei mengd lyriske dikt av Goethe, Schiller, Byron o.fl. Storverket hans er at han sette om Shakespeare sine drama berre på 3 år, 1930 til 1933, og det vil bli ståande etter han som eit framifrå verk. Han fekk og Dantes «Divina komedia» omsett og mest ferdig i manuskript.

Eit merkeleg dikt av Henrik Rytter er «Norden har ordet», 1937, der han gjer opp med dei tyske raseteoriane, og kjem med flengjande kritikk over det einsynte snakket om den framifrå norske rasen. I staden gjev han eit åndfullt inntrengjande oversyn over den verkelege nordiske ånd, som ho lever og kjem i dagen i den 1000 årslina i ånds- og kulturlivet han ofte hadde peika på. Det var eit logande stridsskrift mot den politiske einsretting og nasisttyranniet — eit tidleg og ålvorleg varselsord. Det var ikkje rart at det vart ei av dei fyrste bøkene tyskarane tok og fekk laga til «tjørepapp», etter hersetjinga».

Den siste diktsamlinga hans «Likevel» kom ut etter han var død, i 1950. Der står hans testamente til det norske folket:

«Og likevel, ja likevel,
mi ånd i nattemyrke lidingsstunder
trur enn på livsens store morgonunder».

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s